Presentasjon av innleiarar

  • Rigmor Brøste

    Fungerande Fylkesmann i Møre og Romsdal. Brøste har vore assisterande Fylkesmann sidan 2012 og har lang erfaring frå offentleg sektor mellom anna som rådmann i Nesset kommune, og som personal- og organisasjonssjef i Molde kommune.

  • Ottar Brage Guttelvik

    Fylkesrådmann i Møre og Romsdal fylkeskommune. Guttelvik har vore fylkesrådmann sidan 1999, med ein periode frå 2004 til 2009 som fylkesdirektør i einskapsfylket Møre og Romsdal.

  • Jon Georg Dale

    Samferdselsminister. Opprinneleg frå Volda og kjøttskjerar av yrke. Dale har vore landbruksminister og før det statssekretær i Samferdselsdepartementet og i Finansdepartementet.

  • Ole Helge Haugen

    Fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, med ansvar for plan, statistikk og samfunnsanalysar. Han har en mastergrad i offentleg administrasjon og statsvitskap og har arbeidd med samfunnsanalysar i Møre og Romsdal i ein årrekke.

  • Helge Orten

    Stortingsrepresentant og leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Orten er utdanna siviløkonom og arbeidde som økonomisjef i Sjøvik AS fram til 2003. Orten var ordførar i Midsund i perioden 2003-2011, og gruppeleiar for Høgre i fylkestinget frå 2011 til 2013.

  • Geir Inge Lien

    Ordførar i Vestnes kommune. Lien har vore med i politikken sidan 1999, først som varaordførar og no som ordførar i to periodar. Lien er fast medlem av fylkestinget, og er no inne som vara på Stortinget for Jenny Klinge som sit i Justiskomiteen.

  • Line Hatmosø Hoem

    Fylkespolitikar i Møre og Romsdal og lokalpolitikar i Kristiansund. Hoem er dagleg leiar av Kristiansund Frivilligsentral og studerer jus og administrasjon. Hoem blei varaordførar i Kristiansund da ho var 25 år. Har og arbeidd fleire år i AUF som fylkessekretær i Møre og Romsdal.

  • Marit Nerås Krogsæter

    Leiar av kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Krogsæter har vore folkevald i fylkeskommunen sidan 2011, og har master i nordisk språk. Ho underviser i norsk og samfunnsfag ved Spjelkavik vidaregåande skole.

  • Jørgen Amdam

    Ordførar i Volda kommune og professor emeritus i regional planlegging og utvikling ved Høgskulen i Volda.

  • Milly Bente Nørsett

    Ordførar i Tingvoll kommune. Nørsett er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i administrasjon og leiing, samfunnsfag og økonomi. Ho har lang erfaring frå arbeid i kommunal sektor, både i Tingvoll og som konstituert rådmann i Halsa kommune.

  • Stein Veland

    Direktør for NAV Møre og Romsdal. Veland har bakgrunn frå kommunal sosialteneste og barnevern.

  • Mari Trommald

    Direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Trommald er utdanna Dr. med. og Cand. med. Ho har tidlegare hatt stillingar i Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet og Helse Sør-Øst RHF.

  • Ole Knut Alnæs

    Ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Tidens Krav. Han har arbeidd i avisa sidan 2006. Alnæs har lang erfaring som kommunikasjonsrådgivar og har vore dagleg leiar i Bølgen Næringshage. Han er utdanna innan journalistikk og samfunnskunnskap.

  • Ole Bjørner Loe Welde

    Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Romsdals Budstikke. Han har arbeidd som redaktør i Romsdals Budstikke sidan 2008. Welde er utdanna journalist. I 2018 var han prosjektleiar for redaksjonell innsikt og utvikling i Polaris Media.

  • Hanna Relling Berg

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten. Ho har arbeidd i avisa sidan 2007. Berg har tidlegare jobba som nyheitsjournalist og reportasjesjef i avisa. Ho er for tida fungerande nestleiar i Norsk Redaktørforening, og sit i styret for Norsk Presseforbund.

  • Grete Aspelund

    Administrerande direktør i Sweco Norge. Aspelund har styreverv i Sintef, Abelia NHO og Rådgivende Ingeniørers Foreining (RIF). Aspelund har studert samfunnsvitskap. Ho har hatt fleire leiarstillingar i privat næringsliv, og har lang erfaring innanfor både privat og offentleg tenesteyting.

  • Sigrun Vågeng

    Leiar for arbeids- og velferdsdirektoratet, ein av Norges største verksemder med ansvar for iverksetting av arbeids- og velferdspolitikken vår. Vågeng arbeider for å dreie NAV i retning arbeid, og å styrke kontakten med næringslivet. Tidlegare har Vågeng mellom anna vore direktør for arbeidsliv i NHO og administrerande direktør i KS.

  • Jon Aasen

    Fylkesordførar i Møre og Romsdal. Aasen har vore fylkesordførar i tre periodar, første gong frå 2004. Aasen har elles ei lang politisk erfaring, mellom anna som varaordførar og ordførar i Vanylven kommune.

  • Jan-Erik Larsen

    Leiar av kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen. Larsen er ein erfaren strategisk rådgivar med unik kompetanse på å bygge identitet og profil gjennom omdømmearbeid. Ein av grunnleggarane av kommunikasjon- og rådgivingselskapet First House.

  • Hildegunn Vollset

    Avdelingsdirektør for utredning og analyse i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Vollset har lang leiarerfaring frå offentleg og privat sektor, samt frå humanitære organisasjonar, der ho har arbeidd med utviklings- og omstillingsprosessar.

  • Une Tangen

    Seniorrådgivar i KS forskning, innovasjon og digitalisering. Ho arbeider mellom anna med tenesteinnovasjon, gevinstrealisering, kommunereform og nye politikarroller. Tangen har hatt hovudansvaret for å utarbeide «Innovasjonsbarometeret for kommunal sektor.

  • Ingunn Bekken Sjåholm

    Assisterande fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjåholm har ansvar for regional planlegging i fylkeskommunen. Ho har også ansvar for plan- og analyseavdelinga sitt statistikkarbeid.

  • Kjetil Århus

    Direktør for digitalisering og innovasjon i Bergen kommune. Århus er medlem av regjeringa sitt digitaliseringsråd, ei rekke nasjonale styringsgrupper og leier eit regionalt felles digitaliseringsarbeid for alle 33 Hordalandskommunane.

  • Helge Veum

    Prosjektkoordinator for IKT og digitalisering i nye Ålesund kommune. Veum har mange års erfaring som avdelingsdirektør i Datatilsynet.

  • Åsmund Asper

    Fylkesskogmeister tekniske fag, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Asper arbeider innanfor fagfelt skogsvegar og skogsdrift, klima og landbruk.

  • Per Olaf Skuseth Brækkan

    Bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune med ansvar for alle fylkeskommunens bygg og eigedomar. Han har vore tilsett i fylkeskommunen sidan 1997 og har hatt ulike oppgåver i organisasjonen i hovudsak knytt til utdanningsområdet.

  • Ivar Rød og Kjell Inge Ugelvik

    Ved Romsdal vidaregåande skole har rektor Rød og assisterande rektor Ugelvik hatt eit sterkt engasjement i planlegging og oppføring av det over 12 000 m2 store nybygget i massivtre. Dei har hatt fokus på brukarvennlegheit for tilsette, og å skape ein pedagogisk læringsarena for elevane.

  • Oddbjørn Vassli

    Prosjektleiar for «Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal» i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gå til toppen av lista